Bloggarkiv
Ingen strid om namnet Møre
Av Arild Hoksnes
I juni 1982 bestemte Stortinget at det skal opprettast ei ny eining med grenser som Møre og Romsdal fylke, men berre ha namnet Møre! Det er slikt som tradisjonelt borgar for strid og krangel i Møre og Romsdal. I tillegg låg det ein lokaliseringsstrid under. Det har også folk lett for å hisse seg opp over.
I dag kan vi fastslå at ingen hissar seg opp over at det heiter Møre Bispedøme, og at Molde som stiftsby er eit ikkje-tema.
Det er stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug (bildet t.v) som stadfestar dette til nettredaksjonen til organisasjonen SAMS.
– Vi har ikkje erfart misnøye med at namnet berre inneheld Møre og ikkje Møre og Romsdal. Kanskje enkelte trur det heiter Møre og Romsdal, og enkelte synest det burde heite det, men vi har ikkje erfart engasjement i saka, seier han.